Farsund & Naustheller AS vart skipa 02.02.1966 av Ottar Farsund og Odd Naustheller.
Farsund & Naustheller AS har frå starten hatt som forretningside å tilby næringsliv og private i Sogn og Fjordane, ein lokal distributør av drivstoff og smøre-/ industrioljar i alle kvalitetar.
Gjennom snart 45 år har vi hatt kunden og miljø i fokus og satsa bevisst på å bli mellom dei beste innan vårt felt. Vi leverer idag drivstoff og smøremidlar til store delar av Sogn og Fjordane, er ISO-godkjent innan ADR-transport Tank og ein profesjonell leverandør for industri, transport, anlegg og private.
Vi er idag sju tilsette som har mange års erfaring og kunnskap om produkta vi distribuerer og sel.
Vi har også administrasjon og dagleg oppsyn med Førde Depot og Førde Sementsilo. Med anløp av ca 70 tank- og bulkbåtar pr år, er Førde Depot/Førde Sementsilo ansvarleg for mykje av båttrafikken på Førdefjorden.
Næringar vi dekkar/leverar til:
- Lokale bensinstasjonar
- Landbruk
- Entreprenørar
- Marinaer
- Oppdrettsanlegg
- Forretningsbygg
- Transport / Lastebileigarar
- Verft/ Offshore næring
- Private
Produkt vi sel og levarar i bulk:
- Blank Diesel (B7)
- Farga Diesel ( 10 ppm)
- Fyringsolje/Marine Gassolje ( 500 ppm)
- Parafin
- 95 okt Blyfri bensin
- 98 oktan Blyfri bensin
Du finn datablad på alle produkta under HMS-linkane.